torsdag 30. september 2010

Digitale tekstar gjer kopiering og plagiat enklare en før,Kva gjer vi når elevar plagierar andre sine tekstar?

Plagiering er eit hot- tema i skulen, noko som det verte berre meir og meir av. Har ikkje erfaringar på området, då eg har arbeida i dei lavaste kl.trinna. Men kan forstå at dette er eit framtredande problem i skulen. Då er det kanskje på tide at ein for eksempel tek i bruk ulike verkty som kontrollerar dette, og ikkje minst lære elevane til å slutte og jukse, men heller lære dei til å sitere og skrive med eigne ord.

Leif Harboe (2010:67) nevner ulike strategiar for å motverke plagiering i boka si; Norskboka.no- Digitale verktøy i norskfaget.
  • Lage oppgåver i korrekt sitatteknikk og omskriving
  • Lag deretter ei stiloppgåve der elevane to gongar skal sitere og to gongar skal nytte seg av omskriving
  • Lag oppgåver med lokal vinkling (det vil seie oppgåver ein ikkje kan hente ned frå stildatabasar.)
  • Lag oppgåver som tek utgangspunkt i nye og ferske hendingar
  • Lag oppgåver med maler som elevane må følgje (Det gjer det vanskelig å finne tekstar der ein kan klippe og lime rett inn).
  • styr elevane mot dei kildene dei skal innarbeide i teksta
  • Forlang korrektur kilde/litteraturliste til slutt
  • Muntleg presentasjon av arbeid i smågrupper
  • Forlan at elevane skal levere disposisjon, førsteutkast, og ferdig tekst. Nyttar ein elekstonisk læringsplattform, er det lett og administrere fleire innleveringar.
Harboe (2010:67)seier vidare kor viktig det er i skriveprosessen at vi som lærarar hjelpe elevane med å finne si eiga stemme. At elevane tydeleg signaliserar når det er deira eigne synspunkt, idear, oppdagingar og konklusjonar som verte fortalde. Og tilsvarande verte flinke på å markere når dei nyttar andre sine resonnementeer og idear.

Plagiat treng ikkje eigentleg å være eit problem. I bunn og grunn har det ganske enkelt med kva opplæring elevane har fått i kritisk kildebruk, og det å opplyse dei om kva plagiat eigentlig er. Ingen har vel eigentleg ikkje lyst til å jukse.
Dette har sjølvsagt også noko med lærarrolla å gjere, kva læreren leggje vekt på, og korleis skriveprosessen vert organisert, og korleis oppgavene er formulert.


Ulike kontoll verkty:
http://en.wikipedia.org/wiki/Plagiarism_detection lest 30/09/2010

fronter: http://webfronter.com/fronter3/doc_no/Innleveringsmapper_og_plagiatkontroll/page_01.htm lest 30/09/2010


Viser til ein artikkel:
http://www.utdanningsnytt.no/templates/udf20____14844.aspx Lest 30/09/2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar