Her ser vi at bilde tatt i fugleperspektiv; motivet framstår som lite i forhold til omgivnadane. Omgivnadane verkar kraftigare og større enn i motsetning til for eksempel froskeperpektivet nedanfor.
Bildet i froskeperspektivet gjer at motivet verkar meir ruvande og stort. Omgivnadane vert små og mindre framtredande. Proposjonane på motive gir også eit noko overdreve inntrykk, som for eksempel vasa i dette bilde.
Når det gjeld å plassere hovedelementa det gyldne snitt, så ser vi at eit bilde blir meir balansert og vert visuelt attraktivt, i motsetning til om elementa vert plassert for eksempel i midten vist nedanfor.
Bilder som vert teke der hovedmotivet er midt i bildet, vert gjerne symetriske på et vis, noko som fort kan bli kjedelig.
Fotografering og bildebehandling er spennande, motiverande og utfordrande aktivitetar som ein kan nytte i skule og undervisningssamanheng. Og der er mange utfordringar som ein lærar må tenke på. Men det viktigaste er at ein er motivert som lærer og tek i brukt dei verkty som eignar seg til undervisning i dei ulike faga, og gir elevane fleire måtar å tileigne seg kunnskap på.
Otnes (2009:170) seier at ved å bruke digitale bilder i undervisninga, g
jer det mulig å presentere, visualisere og ikke minst dokumentere prosjekt som klassa arbeider med. Læreplanen i naturfag seier også noko om dette; ein kan bruke digitale verkty til å utforske, gjere målingar, visualisering, simulering, registrering, dokumentasjon og publisering av feltarbeid. Digitale verkty er også gode hjelpemiddel for å stimulere kreativitet, levandegjere og visualisere læringssituasjonar

Kjelde ; Otnes, Hildegunn (2009) Å være digital i alle fag.Universitetsforlaget, Oslo.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar