torsdag 30. september 2010

Hypertekstualitet, interaktivitet og multimodalitet !

Dette er arbeidsmåtar ein kan gjere seg nytte av i dagens digitale verden. Det har vist seg at slike tekstar kan vere svært positive på mange måtar. Ved for eksempel at svake elevar som ikkje likar å skrive stilar, har skrive mykje betre tekstar når dei fekk i oppgåve å lage hypertekstfortelling. Elevane vert meir inspirerte og motiverte. Elevane lære også det å samarbeide om ein tekst og gi kvarandre vurderingar og tilbakemeldingar på tekster som er ferdig skrivne.
Eg meinar og trur at born /elevar i dagens samfunn har eit mykje meir naturleg forhold til hypertekst og datamediet i motsetnad til kva den eldre generasjonen har. Borna idag har faktisk vokse opp med det digitale samfunnet vi har idag. Så å kombinere tekniske ting med gode nye og gamle metodar, fantasi, kreativitet og samarbeid meinar eg må vere eit fantastisk alternativ og utgangspunkt for spennande læring. 
Dette gir meir inspirasjon og vilje til å lære hos elevane.
Kva er Hypertekstualitet?
Hypertekstualiteter er eit tekststruktureringsprinsipp,det vil seie ein måte og ordne ei tekst på. I ei vanleg forteljing er teksta organisert forløpande, og er ofte ordna linært etter kvarandre. I ein hypertekst er tekstelementa sett saman på ein heilt annan måte, der vi snakkar om lenker og peikarar. Peikarar er trykkkjennslege punkt som tek deg til ein ny stad i teksta. Informasjonen er ikkje ordna i ei forutbestemt rekkjefølgje slik som i tradisjonelle trykksaker. Ein kan organisere "vegar " med koplingar, slik at lesaren ved å følgje ein veg vert presentert eit utvalg av stoff (Otnes og Schwebs, 2001:95)
Her er hypertekstforteljing, skjelettforteljing og fortsettelsesforteljing gode metodar.


Kva er interaktivitet?
Interaktivitet, interaksjon, vekselspel, samspel med nokon eller noko.
Der brukaren sine handlingar påverkar utførelsen på programmet og omvendt (SNL).
Viser til lenke nedanfor http://www.regnmakerne.no/ ,som er eit eksempel på ein interaktiv tekst.


Kva er multimedialitet?
Er multimediale tekstar som treng fleire medium for å formidle bodskapen sin.Teksta vil ikkje fungere utan at alle elementa er tilgjengelege for lesaren. Tekst, bilde og lyd er gjensidig avhengig av kvarandre for å vere meiningsbærande.
Multimodale tekstar dekke målområder innanfor fleire fag, og på denne måten vert det gitt fleire mogelegheiter til og oppnå digital kompetanse integrert i dei forskjellege faga.
Oppgåver ein kan nytte når det gjeld multimedialitet er skrive forteljingar, komponere, lage animasjonar og opparbeiding av eigne digtale portefølje (Karlsen og wølner, 2009:102).




Ulike lenker:


Dette spillet kan sies å både være interaktivt og multimodalt. Her skal brukeren gjøre ulike valg og den kommuniserer med brukeren ved hjelp av tekst, bilde og lyd.
http://www.regnmakerne.no/Startside/Underholdning/Spill/Regnmakerspillet/ Lest 30/09/2010




Vi slår leir. (Hypertekstualitet)
Dette er ei side med rein hypertektualitet. Det er ikkje lagt opp til nokon  form for interaktivitet eller multimodualitet. Ein kan kun velje mellom ulike lenker.
http://naturtips.no/vislar.htm Lest 30/09/2010




Kjelder:


Karlsen, Asgjerd Vea og Wølner, Tor Arne (2009) Den femte grunnleggende ferdighet,-portefølje og digitale mapper- et sted for læring. Gyldendal Akademisk.


Otnes, H og Schwebs, T (2001) Strukturer og sjangrer i digitale tekster. Oslo: Cappelen Akademiske forlag

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar