Torsdag 15 september fekk vi i oppgåve å intervjue den som stod under oss på lista, eg var som heldig å få intervjue Beate Kristin Brude, 24 år .
Beate starta med å ta idrett årseining her på høgskulen, som ho synst var veldig kjekkt og interessant. Men lurte no på kva ho skulle ta vidare. Hadde egentlig ikkje tenkt å verte lærar, men tenkte at det kunne vere aktuelt for å praktisere det ho hadde lært på idrettstudiet. så ho valte det! Etter å ha hatt praksis har ho ikkje angra på vala ho har gjort, då ho trivast veldig godt.
Kvifor ho valte DKL? Ho synast DKLer ein viktig reidskap i skulen, og meinar at vi som lærara bør ha kompetanse på dette området, ikkje minst for å henge med i tida. Vil ta DKL for å auke sin eigen kompetanse då ho ser behovet for dette i skulen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar