tirsdag 8. februar 2011

SOSIAL WEB

På den fyrste samlinga etter nyttår hadde vi emnet sosial Web. På samlinga tok vi føre oss øvingsoppgåva til den første leksjonen som gruppearbeid. Vi skulle der melde oss inn i tre typar sosiale nettverk, diskutere desse og finne ut korleis vi kunne nytte desse i ei pedagogisk verksemd. Vidare finne ulemper og meirverdi ved nettstadane.
Ein av dei tre sosiale nettstadane hadde forelesarane valt for ut på førehand, som var D&B, ein nettstad for Lærarar, pedagogar og liknende. Ein nettstad der ein kan diskutere og dele undervisningsopplegg/metodar.

Dei tre sosiale nettstadane som vi valde var, del og bruk, facebook og you Tube.




Fordelar:
-Ein kan finne diverse undervisningsopplegg, og anna relevant stoff til bruk i skulen.
-Ein kan dele undervisningsopplegg og erfaringar med kvarandre.
-Ein kan vere ed i ulike diskusjonsforum i dei gruppene ein har meldt seg inn i, eller chatte/tyte med alle dei andre brukarane som er pålogga uavhengig av gruppedeltaking. Ulemper:
-kan Ikkje nyttast i undervisningssamanheng.
-Geo-merking på mobilen, kan gi andre ei uønska oversikt over privatlivet.





Fordelar;
-Kunne dele informasjon med ei gruppe ein har meldt seg inn i.

-Fremjer sosial samhandling. Der elevane kan vere aktive dele bilder og interesser.
-Som lærarar kan ein opprette grupper i undervisningssamanheng, der elevane kan melde seg inn og vere med å diskutere ulike faglege emner og liknande.

Ulemper:
-Facebook kreve at ein som medlem opprettar profil (13-års aldersgrense).
-ein kan verte påverka reklame og invitasjonar til andre nettverk som ikkje er så positivt retta.
- Skal ein som lærar ha elevar på vennelista? Nei, meinar eg, ein får innsyn i privatlivet, som kan verke negativt.
-Mobbing.
-Utlevering av seg sjølv og privatlivet. Bør vere varsam med kva slags informasjon ein publierar, personleg info. av seg sjølv og andre.






Fordelar;
-Ein kan hente inspirasjon til eige arbeid, ulike demonstrasjonar/filmar av framgangsmåtar og liknande. 
-At ein kan opprette ein kanal på Youtube med avgrensa tilgang, slik at dersom ein vil legge ut noko som elevane har laga, så kan ein gjere det tilgjengeleg berre for den elevgruppa.
-Kan verke motiverande for elevane å få presentere arbeidet sitt.

Ulemper:
-Elevane må lære å vere kritisk til kva dei søke etter og vere kritiske til kva dei publiserar.
TA HENSYN!! Dette kan nyttast til mobbing.

1 kommentar:

  1. Your article is extraordinarily smart. I love to browse your diary's posts every day and that I got vast facilitate from your blog and developed a replacement app latest messenger apk you'll check.Thanks for the wonderful diary.

    SvarSlett