Rekneark er eit verkty som kan brukast i mange ulike fag på forskjellige måtar, eg har nytta rekneark i ulike situasjonar til dømes å lage skjema, utrekningar og lister av forskjelleg slag.
Eg vil nok tru at faget matematikk er faget dei fleste nyttar rekneark i , og om ein set seg inn i nokre av dei mest grunnleggande funksjonane, så kan ein nytte verktyet i mange forskjellige utrekningar.
Under mål for faget matematikk skal elevane etter 7. årstrinn : "beskrive referansesystemet og notasjonen som blir nytta for formlar i eit rekneark, og bruke rekneark til å utføre og presentere enkle berekningar" (LK06).
Også i naturfag og samfunnsfag kan ein nytte rekneark som metode, Ein kan til dømes lage ulike skjema som elevane kan nytte til å kartlegge observasjonar over tid, lage tabellar og statestikk over funn dei har gjort.
I følgje kompetansemåla i naturfag etter Etter 4. årstrinn under forskerspiren: "skal elevene bruke naturfaglige begreper til å beskrive og presentere egne observasjoner på ulike måter
Og dei skal "innhente og systematisere data og presentere resultatene med og uten digitale hjelpemidler" (LK06).
Og elles kan ein nytte rekneark når ein til dømes skal lage gloseprøver, ord-diktat og liknande. Der læraren lagar spørsmål i ei celle, og elevane svarar i ei anna celle. Og når ein nyttar formlane så kan reknearket sjekke om svaret er rett eller ikkje. På denne måten vil også elevane få svaret sitt med ein gong. Utfordringa her trur eg vil vere læraren sin kompetanse i slike digitale verkty, då mange vil synst det er for tidkrevande. Men eg meinar at ein får att tida, då vurderingarbeidet vil gå raskare og meir effektivt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar