mandag 14. februar 2011

wikispaces

Vi har no arbeid med temaet sosial web, og på den siste samling, skulle vi som gruppe opprette kvar sin wiki på  http://www.wikispaces.com/ .
Her skulle vi ilag greie ut om verkemiddel og funksjonar til dei tre ulike sosiale media,som vi melde oss inn i på forrige samling/øvingsoppgåve.

Vi oppretta ein "Educator accont", som er reklamefri og ein kan nytte den privat, slik at berre inviterte medlemmer kan gå inn å lese 
eller å redigere den.
Eg tenke dette er ein passande stad der elevane kan samarbeide i eit lukka rom, utan å måtte publisere det på nett.

Som gruppe prøvde vi også å vere effektive ved å skrive på same dokumentet frå ulike maskiner, vi fann fort ut at dette ikkje var å gjennomføre, tekstene fletta seg saman og vi nytta mykje tid på å rydde opp. Vi fann ut at i klassesamanheng bør ein legge inn lenker til dei ulike dokumenta elevane arbeidar med, og at elevane kan jobbe med ulike emne innan hovudtemaet. I etter kant fekk vi då vite
at dersom vi hadde laga fleire nye sider på wikien så kunne vi skrive samtidig. Og sjølv om vi då skreiv på den same, så var det på ulike . greit å vite. Sånn går det når ein skal bli kjende med nye ukjende fenomen på nettet:) Men like greit å feile no, og heller får det til neste gong i skule samanheng:)


Guppa sin wiki ligg her://mbts.wikispaces.com 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar