onsdag 23. februar 2011


IKT som ein ressurs i tillpassa opplæring, og ei gullerot for andre.


I ei klasse vil det som regel vere variasjonar i kunnskapsnivået til elevane, både når det gjeld lesing, skriving og andre kunnskapar. Eg tenkjer at ved å bruke IKT så har ein også gode mogelegheiter til å tilpasse undervisninga til den enkelte. Ofte er det å få arbeide på datamaskin ei gulerot i seg sjølv. Den tek eleven vekk frå den utrygge læringssituasjonen og inn i ein trygg. Sjølv om delar av ein tilpassa opplæring med IKT som hjelpemiddel vil være lærarstyrt, så vil eleven ofte oppleve større meistring og større glede over å få kunne løyse oppgåve sjølv.
I ein klasseromssituasjon der alle må dele på ein lærar er det også vanskeleg å få hjelp så ofte som ein måtte ynskje. Ved sjølvstendig bruk av IKT kan elevar være mindre avhengig av slik støtte. Dette aukar sjølvkjennsla. Det at det kun er eit rett svar på ei oppgåve, gir svake elevar rask tilbakemelding på om det er rett eller galt. Ho/han slepp å sitte lenge å vente på ei tilbakemelding.

Ein annan ting som er bra med IKT i motsetnad til ordinære lærebøker kan bilder, tekst, lyd og film verte vist på same tid. Dette gir svake elevar fleire ”knaggar å henge kunnskapen på”. I begynneropplæringa til lesing og skriving, er det mange system som skal arbeide saman. Huske fonemet, huske grafemet og skrive eller lese det uten å miste tråden på der du var. Det kan vere er ein veldig avansert prosess. Spesielt kan det være vanskeleg å huske kvar ein var i eit ord når ein ikkje hugsar korleis neste bokstav såg ut. Dersom ein heile tida må gå tilbake forbi ein mistar tråden, gjere noko med motivasjonen og gleda over å fortellje, lese og skrive. Repetisjon kan foregå i det tempoet eleven ynskjer, uten at ein må bruke all energi på avkoding til dømes vanskelige tekstar i ei bok. På same tid er bruken av IKT i opplæring sterkt fokusert rundt det som skjer inne i skjermbilete. Dette hjelper også slik at han meistrar å holde fokus og konsentrasjonen der den skal være.

Det er viktig at elevane er forberedte på ein verden full av IKT. Eg meinar at i alt vi skal undervise, bør vi ta utgangspunkt i elevane sine interesser. Dette kan i mange tilfelle vere å ta i bruk IKT i forhold til pensum skulen. Mange elevar er veldig kompetente i bruk av pc fra ung alder, og å ta utgangspunkt i noko ein mestrar gir ofte ein høgt fageleg utbytte. Elevane må få utvikle positive holdningar og kompetanse i IKT. Slik at denne ressursen kan hjelpe elevane til å verte aktive deltakarar i eiga læring.


 Men for at elevane skal få noko utbytte av læring med IKT, meinar eg også at lærarane må ha eit positivt syn på bruk av dette i skulen. Skulen har tradisjonelt alltid vore konservative når det gjeld nye idear og metodar, men slik må det ikkje vere. Skulen bør og skal vere eit godt foredøme. Læringssituasjonane skal vere meiningsfulle for elevane, vi skal ikkje bruke IKT berre for å vere inn i tida, men finne arbeidsmetodar der vi kan bruke IKT saman med relevant pensum og i forhold til det elevane skal lære.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar