Eg har lasta ned Audacity og hatt meg ei god stund med å lage lydopptak av meg sjølv, sikkert mange som ville ha likt å vore fluge på veggen, men her er inget publikum heldigvis :)
Har lest inn ei strofe frå ei bok, og til og med songe. Har også sett Lars Carlsons sine flotte tips, og prøvd å gjere det best mulig ut i frå min eigen kompetanse. Det har vore utrulig lærerikt å prøve seg fram og fått testa dei ulike redigerings funksjonane i programmet. Har utført alle øvingsoppgåvene til den første leksjonen om lyd, og er fornøgd over min eigen innsats sølv om eg enda har mykje å lære. Har lagt ut øvingsoppgåvene eg har utført i studentmappa på fronter som dokumentasjon.
Eg ser tydelig at det å nytte digitale verkty som til dømes lyd, gir meirverdi i ein læringssituasjon og som vil kunne gi mange fleire born og unge bedre mogelegheter til å lære, vere sjølvstendige og klare seg på skulen. Dei vil truleg lukkast bedre, og kjenne at dei meistrar oppgåvene som læraren gir. Eg meinar at ved å nytte digitale verkty i skulen, så vil vi som lærarar «treffe» fleire elevar, då dei har ulike strategiar for å lære. Slik at fleire elevar får leselyst, skrivelyst og lærelyst i alle fag!

Erstad (2010:123-124)seier at sjølv om ikkje digitale verkty skal ta over den tradisjonelle undervisninga, så er digitale læringsressursar som for eksempel lyd, er sentrale verkty ein kan nytte for å skape motivasjon hos elevane. Han seier vidare at dette er ressursar som er med på å stimulere og utvikle elevane si læring, og at dette gir læraren fleire måtar å arbeide med det fagelege innhaldet på. Der både lærarar og elevar kan produsere sine eigne læringsressursar som for eksempel digitale portefølgje eller mapper.
Erstad, Ola (2010). Digital kompetanse i skolen- en innføring (2. utgave). Universitetsforlaget, Oslo.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar