Rekneark er eit verkty som kan brukast i mange ulike fag på forskjellige måtar, eg har nytta rekneark i ulike situasjonar til dømes å lage skjema, utrekningar og lister av forskjelleg slag.
Eg vil nok tru at faget matematikk er faget dei fleste nyttar rekneark i , og om ein set seg inn i nokre av dei mest grunnleggande funksjonane, så kan ein nytte verktyet i mange forskjellige utrekningar.
Under mål for faget matematikk skal elevane etter 7. årstrinn : "beskrive referansesystemet og notasjonen som blir nytta for formlar i eit rekneark, og bruke rekneark til å utføre og presentere enkle berekningar" (LK06).
Også i naturfag og samfunnsfag kan ein nytte rekneark som metode, Ein kan til dømes lage ulike skjema som elevane kan nytte til å kartlegge observasjonar over tid, lage tabellar og statestikk over funn dei har gjort.
I følgje kompetansemåla i naturfag etter Etter 4. årstrinn under forskerspiren: "skal elevene bruke naturfaglige begreper til å beskrive og presentere egne observasjoner på ulike måter
Og dei skal "innhente og systematisere data og presentere resultatene med og uten digitale hjelpemidler" (LK06).
Og elles kan ein nytte rekneark når ein til dømes skal lage gloseprøver, ord-diktat og liknande. Der læraren lagar spørsmål i ei celle, og elevane svarar i ei anna celle. Og når ein nyttar formlane så kan reknearket sjekke om svaret er rett eller ikkje. På denne måten vil også elevane få svaret sitt med ein gong. Utfordringa her trur eg vil vere læraren sin kompetanse i slike digitale verkty, då mange vil synst det er for tidkrevande. Men eg meinar at ein får att tida, då vurderingarbeidet vil gå raskare og meir effektivt.
søndag 21. november 2010
Hensyn
Hensyn på nettet, kva er det?
Bruken av internett i skulen har opna ei ny verd for mange elevar og lærarar. Undervisninga vert meir variert og digital, og det er ubegrensa kva vi kan finne av resursar på nett. Men det mange kanskje ikkje er klar over, er at dette også fører med seg ein del lover og hensyn ein må ta.
Ofte kan vi finne eit bilde på nett som vi kopierar til eigne oppgåve eller arbeid i skulen, har vi verkeleg lov til det? Nei, personen som tek bilde har råderett og bestemmer om det skal publiserast. Men dette gjeld ikkje dersom andre personar er avbilda.
Når det gjelde bilde av born/elevar er det foreldra som bestemmer om det skal publiserast dersom borna/elevane er under 15. Men om borna/elevane er over 15, kan dei avgjere det sjølve. I skulen dukkar det opp mange slike situasjonar der det vert teke bilde av elevane, då er det læraren sitt ansvar å sørgje for at dette vert følgt opp, men det er også viktig at foreldre og borna/elevane vert informerte om og vert klar over at det fins slike hensyn.
Åndsverklova seier;
" Den som lager et fotografisk bilde, har enerett til å fremstille eksemplar av det, enten det skjer ved fotografering, trykk, tegning eller på annen måte, og gjøre det tilgjengelig for allmennheten".
"Eneretten til et fotografisk bilde varer i fotografens levetid og 15 år etter utløpet av hans dødsår, men likevel minst 50 år fra utløpet av det år bildet ble laget. Har to eller flere eneretten sammen, løper vernetiden fra utløpet av dødsåret for den lengstlevende" .
"Åndsverkloven § 45c er en personvernbestemmelse som forbyr gjengivelse eller offentliggjøring av bilder tatt av en person, med mindre det foreligger samtykke fra avbildede".
http://www.lovdata.no/ lest 21.11.2010
http://www.lovdata.no/all/hl-19610512-002.html#43

torsdag 11. november 2010
Lydprogrammet Audacity.
Eg har lasta ned Audacity og hatt meg ei god stund med å lage lydopptak av meg sjølv, sikkert mange som ville ha likt å vore fluge på veggen, men her er inget publikum heldigvis :)
Har lest inn ei strofe frå ei bok, og til og med songe. Har også sett Lars Carlsons sine flotte tips, og prøvd å gjere det best mulig ut i frå min eigen kompetanse. Det har vore utrulig lærerikt å prøve seg fram og fått testa dei ulike redigerings funksjonane i programmet. Har utført alle øvingsoppgåvene til den første leksjonen om lyd, og er fornøgd over min eigen innsats sølv om eg enda har mykje å lære. Har lagt ut øvingsoppgåvene eg har utført i studentmappa på fronter som dokumentasjon.
Eg ser tydelig at det å nytte digitale verkty som til dømes lyd, gir meirverdi i ein læringssituasjon og som vil kunne gi mange fleire born og unge bedre mogelegheter til å lære, vere sjølvstendige og klare seg på skulen. Dei vil truleg lukkast bedre, og kjenne at dei meistrar oppgåvene som læraren gir. Eg meinar at ved å nytte digitale verkty i skulen, så vil vi som lærarar «treffe» fleire elevar, då dei har ulike strategiar for å lære. Slik at fleire elevar får leselyst, skrivelyst og lærelyst i alle fag!

Erstad (2010:123-124)seier at sjølv om ikkje digitale verkty skal ta over den tradisjonelle undervisninga, så er digitale læringsressursar som for eksempel lyd, er sentrale verkty ein kan nytte for å skape motivasjon hos elevane. Han seier vidare at dette er ressursar som er med på å stimulere og utvikle elevane si læring, og at dette gir læraren fleire måtar å arbeide med det fagelege innhaldet på. Der både lærarar og elevar kan produsere sine eigne læringsressursar som for eksempel digitale portefølgje eller mapper.
Erstad, Ola (2010). Digital kompetanse i skolen- en innføring (2. utgave). Universitetsforlaget, Oslo.
mandag 1. november 2010
Min første film/bilde presentasjon som nettalbum :)
I forbindelse med mappeoppgåve 2 i DKL skulle eg lage eit undervisningsopplegg der eg skulle integrere ein film/bilde dokumentasjon. Eg skulle formidle fagleg innhald, dokumentere og uttrykke meg kreativt i prosessen.
Eg valde Naturfag, der elevane skulle etter 4. klassetrinn bli kjent med eit naturområde rundt skulen som dei skal nytte til ulike observasjonar i naturfag. Elevane skal
Eg valde Naturfag, der elevane skulle etter 4. klassetrinn bli kjent med eit naturområde rundt skulen som dei skal nytte til ulike observasjonar i naturfag. Elevane skal
i dette opplegget følgje med på syklusane til ulike tre gjennom heile året, frå haustfarga blad og lauvfall, til vinterens rimfrosne greiner, til våren sine første bladknoppar. Elevane skal også gjennom opplegget nytte digitalt kamera.
til dokumentasjon.Digitale bilder
Når ein pratar om komposisjon i eit bilde, så handlar det om elementa sine plasseringar i bildeflata. Kvar skal eg plassere modellen for å få eit mest mogeleg spennende bilde? Kvar skal eg plassere objekte for å skape balanse?
Her ser vi at bilde tatt i fugleperspektiv; motivet framstår som lite i forhold til omgivnadane. Omgivnadane verkar kraftigare og større enn i motsetning til for eksempel froskeperpektivet nedanfor.
Bildet i froskeperspektivet gjer at motivet verkar meir ruvande og stort. Omgivnadane vert små og mindre framtredande. Proposjonane på motive gir også eit noko overdreve inntrykk, som for eksempel vasa i dette bilde.
Når det gjeld å plassere hovedelementa det gyldne snitt, så ser vi at eit bilde blir meir balansert og vert visuelt attraktivt, i motsetning til om elementa vert plassert for eksempel i midten vist nedanfor.

Bilder som vert teke der hovedmotivet er midt i bildet, vert gjerne symetriske på et vis, noko som fort kan bli kjedelig.
Fotografering og bildebehandling er spennande, motiverande og utfordrande aktivitetar som ein kan nytte i skule og undervisningssamanheng. Og der er mange utfordringar som ein lærar må tenke på. Men det viktigaste er at ein er motivert som lærer og tek i brukt dei verkty som eignar seg til undervisning i dei ulike faga, og gir elevane fleire måtar å tileigne seg kunnskap på.
Otnes (2009:170) seier at ved å bruke digitale bilder i undervisninga, g
jer det mulig å presentere, visualisere og ikke minst dokumentere prosjekt som klassa arbeider med. Læreplanen i naturfag seier også noko om dette; ein kan bruke digitale verkty til å utforske, gjere målingar, visualisering, simulering, registrering, dokumentasjon og publisering av feltarbeid. Digitale verkty er også gode hjelpemiddel for å stimulere kreativitet, levandegjere og visualisere læringssituasjonar

Kjelde ; Otnes, Hildegunn (2009) Å være digital i alle fag.Universitetsforlaget, Oslo.
Abonner på:
Innlegg (Atom)