mandag 18. april 2011

Animasjon med programmet Moviemaker.


I samling 3, fredagen skulle vi lage animasjon som utgangspunkt for konkretisering av element i porteføljemetodikken :


Gruppa fekk velje om vi skulle arbeide med eventyr eller reklame.
Vi skulle lage kjenneteikn (individuelt) på eigen måloppnåing, for gruppa og for ei tenkt elevgruppe ut frå Lære først og Lære vidare.
  
Til dømes skulle vi som mål for gruppa: arbeide med å bruke digitale verkty til måloppnåing i undervisning. Der vi skal nytte moviemaker som metode, vi skal lære å velje ut kompetansemål som kan gi meirverdi ved bruk av digitale verkty.
Vidare skreiv vi eit manuskript for animasjonen vi skulle lage og eit
storyboard. Til slutt gjennomførte vi arbeidet med animasjonen og reflekterte ut i frå måla vi hadde satt.

Ut i frå ei tenkt elevgruppe valde vi 5-7 klassetrinn og faget norsk. og vi ville lage wein Informasjonsfilm om eleven som skulle slå opp ordet Moviemaker i eit oppslagsverk. Elevane skal lære å slå opp i oppslagsverk alfabetisk,  Lære å bruke verktyet Moviemaker, formidle til andre korleis eit oppslagsverk er bygd opp og kan brukast. og utvikle eigen informasjonskompetanse.

Tenkjer at dette var eit spennande opplegg, ein kan nytte som metode i undervisninga. Moviemaker er eit artig program der du kan velje mykje spennande til din animasjon. Men ein treng god tid for å kunne nytte det fullt ut. Elles benytta vi Audiacity når vi skulle putte på lyd, noko som også gikk greit. Dersom eg skulle ha nytta dette i skulen måtte eg ha nytta god tid, der elevane fekk bli kjende med programma vi skulle nytte på førehand. Elles kan eg tenkje meg det er motiverande å få arbeide på denne måten, då ein kan trekkje inn mange ulike rekvisittar. Ein virkelig kreativ metode, som ein kan nytte når ein skal arbeide med ulike kompetansemål i skulen.

 Lenke til animasjonen vår:
Mitt generelle netvibes  og  Naturfagvibes om kroppen (M3)

Her skulle vi lage vårt eige netvibes som ei førebuing til mappe 3. og legge inn RSS straumar som vi har vore innom i leksjonane. La også til andre som eg nyttar sjølv til dagleg.
Tenkjer at dette var eit spennande program vi skulle teste ut, utrulig gøy:)
Ser at dette kan vere ein metode/programm å nytte ilag med elevane, i ulike prosjekt og ikkje minst for å variere undervisninga. Dette vil heilt sikkert gi motivasjon pg gi elevane meistringskjensle då dei får skape/ og arbeide i eit netvibes. Men då veldig viktig at dei har informasjonskompetanse.




Lenke til mitt generelle netvibes:
http://www.netvibes.com/privatepage/5#General









Lenke til mitt netvibes som eg nytta i oppgåva mi :
http://www.netvibes.com/tonjemb#Oppg%C3%A5ve
Geotagging.

I andre leksjonen "Digital arena", fekk vi sjå korleis ein kan nytte geotagging. Det fungerar slik at kvar gong du tek eit bilde med kameratelefonen din, så lagrast det ei mengde informasjon i bildefila. Når bildet vert teke, kva slags telefon som vart brukt og kva slags eksponeringsinnstillingar du nytta.
"Geotagging innebære at du lagrar ei ekstra opplysning: Kvar bilde vart teke. Og ein kan markere på eit kart kvar ein har teke bilete.  Ved å nytte Picasa kan ein teste dette, ein kan merke bilde som du allaereide har liggande på nettalbumet, og deretter legge til plasering. Då kjem det opp ein markør som ein kan trekke nøyaktig til eit punkt før ein lagrar.

Tønnesen om barn og unges digitale arena.

Media er stadig i endring, og det kjem heile tida nyare produkt og oppdateringar, både når det gjeld mobiltelefonar, datamaskiner og fjernsynet. Tv er vel det som vert mest nytta då det er dette mediet den vaksne generasjonen meistrar best i motsetning til pc og mobil. Men dei har vorte flinkare, då dei fleste har eit ynskje om å forstå, men at det ikkje alltid er like enkelt å lære.
Media har vorte svært integrert i kvardagen vår, at ein nesten ikkje kan sjå at dei er i utvikling, utan å ta eit steg utanfor. Der det kjem heile tida nye «hardware» og «software» og liknande, og borna våre har mykje å sette seg inni og ikkje minst teste.

Tønnessen har observert ei gruppe born frå dei gjekk i barnehage i 1993, til dei gjekk ut av grunnskulen i 2005. Og har funne ut vanane deira , når det gjeld media. Noko som gir moglegheit for å utforske dei unge sine eigne perspektiv på prosessane der dei utviklar seg til ungdom, på samtid som media er i  endring.
Idag er det nesten umulig å kartleggje kor mykje tid borna eigentleg nyttar på dei ulike media. Då det  i dag vert nytta  fleire og fleire media parallelt med kvarandre. Då borna gjerne lese og og lyttar til musikk på same tid. Borna skaffar seg også tilgjenge til dei ulike media som fins, der er ikkje lenger noko hinder.

Når det gjeld nye og gamle media, ser ungdomen føre seg stor endring når vi kjem til teknologien. Teknologien er i stadig endring, og den kjem til å vere meir avansert om 20 år enn det er idag. Generasjonen som veks opp i dag er vel den generasjonen som særskilt har opplevd endringar når det gjeld fjernsyn, data og mobiltelefon. Då særskilt mobiltelefonen som har overtatt mest på ungdomstrinnet.

Mobiltelefonen fungerar som ei lita datamaskin, der ein kan surfe på Internett, den fungerar som eit kamera og ein kan produsere tekst i ulike variantar.
Mobiltelefonen kan også vere negativt i den forstand at det er ein føresetnad å eige ein mobiltelefon, og dei som ikkje gjer det blant ungdommen, ikkje vert inkludert i "gjengen". Då dei vert vanskelig å få tak i dei som ikkje har. Dette er noko som kan verke dramatisk for ein ungdom i dagens samfunn.
Når det gjeld pc som medium, ser ein lett kjønnsskilje. Gutar er meir intresserte i å spele spel enn å chatte og bruke dei andre funksjonane til datamaskina. Jentene derimot er meir intressert i chattekanalane og bruk av e-post.

Mobiltelefonen er mest brukt til å sende SMS med. Cirka 80% av ungdommen brukar mobiltelefonen til å sende tekstmeldingar. Men mobiltelefonen blir også brukt til å fylle inn dødtid, som til dømes heim på bussen og når dei ventar på andre.

TV er fortsatt det mest sentrale mediafor barn og unge. Den fins i alle heimar og  på mange ungdomsrom, der fleirtalet av ungdomen ser på TV nesten kvar dag. Då ein TV – kanal kostar meir å lage enn eit anna medium, er dei avhengige av å nå ut til fleire, og den er laga for alle målgruppene i samfunnet. Av den grunn er det derfor fleire som ser på Tv, enn dei som tek i bruk datamaskiner.


Born og unge trekkje mot det internasjonale både når dei tek i bruk spel og program. Dei fleste vel faktisk dei programma som er på engelsk. Både når det gjeld TV- program, og når det gjeld spel og liknande til datamaskina. Men om ein ser på det heile biletet seier Tønnesen at fleirtalet vel å ta utgangspunkt i det kjente norske, medan dei må meistre det engelske for å fylgje med i den internasjonale ungdomskulturen.

tirsdag 12. april 2011

Begrepa Digital- og informasjonskompetanse

Digital kompetanse er ferdigheiter, kunnskapar, kreativitet og holdningar som alle treng for å kunne bruke digitalemediar for læring og meistring i kunnskapssamfunnet. Eg tenkjer at det handlar om å kjenne dei ulike digitaleverktya, og informasjonskompetanse vil seie korleis ein handterar den informasjonen ein finn ved å nytte den digitalekompetansen. Det å finne fram i mengda av informasjon på nett vil verte ein viktig informasjonskompetanse for elevane å tileigne seg, då nettet gir tilgong på eit ubegrensa mangfald av informasjon. Det er her informasjonskompetansen kjem inn, utvikle søkestrategiar og vere kritiske i bruk av kjelder.

Det å vere kjeldekritiske.

Nettet er noko som tek meir og meir plass i forhold til mediebruken til elevane, dagens elevar har god informasjonskompetanse, betre kompetanse enn vi som lærarar. Men dei har ofte vanskar med å definere informasjonsbehovet sitt. Dei har ikkje nokon søkestrategi eller kritisk vurdering av kjelder. Så det å finne fram i mengda av informasjon vil verte ein viktig kompetanse for elevane å tileigne seg, då nettet gir tilgong på eit ubegrensa mangfald av informasjon. Det er då opp til oss lærarar å oppdatere oss, og vere gode modellar i denne samanheng. På kva måte kan vi finne "gode" kjelder, for kven som helst kan legge ut det som dei vil av informasjon, og når vi søke på eit ord eller begrep i ein søkemotor får vi ei stor mengd  av både gode og dårlige kjelder. 
I denne øvingsoppgåva skal vi ta føre oss ei side, som utgangspunkt for kjeldekritisk arbeid. ei av sidene var om Martin Luther King. Eg vel å nytte NTNU som har eit interaktivt nettkurs i informasjonskompetanse. Ein kan nytte TONE  i undervisninga når ein skal gjere elevane bevisste på kjeldebruk. Eg tenkjer at elevane får sitte i grupper og vurdere Martin Luther King sida som dei skal vurdere etter kriteria nedanfor. Vidare tek vi resultata opp i plenum i klassa,der vi diskutarar og får bekreftelse frå læraren om at det er ei god kjelde eller ikkje.
  • Truverdigheit; er dette ei pålitelig kjelde?
  • Objektivitet; er det ei nøytral kjelde?
  • Nøyaktigheit; er kjelda grundig utan slurv?
  • Egnaheit; finn du det som du er ute etter?
T : Sida har ikkje noko opphav, men er knytt til ei anna side. Verkar som eit sosialt nettverk, som omtalar mørkhuda negativt. Tenkjer at dette ikkje er ei kjelde å stole på.
 
O: Sida er knytt opp mot Stormfront.com, som er ein organisasjon for stolte kvite. Tenkjer at sida ikkje er ei nøytral kjelde, Då den kun fram hevar sin eigen agenda.
 
N: Ok side, litt rotete tenker eg . Greit språk, men det er vanskelig å sjå kor tid sida er oppdatert
E : Eg tenkjer at dette  ikkje er ei side ein vil kome inn på i skule samanheng, då den heilt klart er rasistisk mot mørke. Eg tykjer det er ei negativ side og ikkje eigna.
 
lest 12.04.2011

Netvibes, RSS og Informasjonsnav.


RSS
Really Simple Syndication, og er kort forklart teknologi som gjer det mogeleg for oss å abonnere på innhald frå bestemmte nettstadar, utan å måtte besøke sjølve nettstaden.
Innhaldet kjem direkte til oss. På denne måten kan vi overvåke store mengder informasjon på relativ kort tid, noko som kan vere nyttig i ein kvaradag/arbeidsdag med mykje informasjon. 

" Ved at elevane setjer opp sine eigne RSS-lesarar, kan dei utforske og organisere informasjon knytt til eit bestemt tema eller fagområde, til dømes knytt til prosjekt arbeid." (leksjon 2- informasjonskompetanse.)

Netvibes
Netvibes er ein nett lesar som gratis. ein kan opprette ein konto, og deretter søke effektivt på eit emne ein er oppteken av, bloggar, nyhende, søkemotorar og liknande.
Ved å sjå etter RSS-ikonet som viser til høgre, kan ein kan legge til nettstaden og på denne måten få informasjonsstraumen til sitt eige nav. Sida i netvibes kan vere både privat og offentleg.  Og ein kan kople den opp mot eit nettsamfunn ein er medlem i og e-post.
I mappe 3 skulle vi opprette eit ope netvibes, om eit tema vi valde sjølv. Tykte dette var veldig spennande og nyttig. Og noko som eg heilt sikkert vil ta i bruk i skulen. Ein kan nytte det i undervisninga på ulike måtar for å styrke elevane sin infrmasjonskompetanse. Men ein bør lære dei i å vere kritiske til kva dei vel å publisere offentlig.

"dagens elevar har god informasjonskompetanse, betre kompetanse enn vi som lærarar. Men dei har ofte vanskar med å definere informasjonsbehovet sitt. Dei har ikkje nokon søkestrategi eller kritisk vurdering av kjelder. Så det å finne fram i mengda av informasjon vil verte ein viktig kompetanse for elevane å tileigne seg, då nettet gir tilgong på eit ubegrensa mangfald av informasjon." (Leksjon 3- informasjonskomp.)

"Gjennnom å nytte netvibes i ein slik prosess får elevane utvikle informasjonskompetansen dei allereide har tileigna seg og utvikle eigne søkestrategiar. Dei får trening i å kjenne att gode kjelder (primærkjelder) frå mindre gode kjelder (sekundærkjelder), lære seg effektive og avgrensa søk. Gjennom å nytte ein lesar som netvibes lære elevane seg å søke på ein effektiv måte, då innhaldet kjem direkte til dei" (leksjon 1- informasjonskomp.) 



Lenke til mitt informasjonsnav i naturfag:
http://www.netvibes.com/tonjemb#Oppg%C3%A5ve